Arkivplan.no

Arkivplan for Vanylven kommune

   

Ein grunn til å smile

Arkivplan for Vanylven kommune

Arkivplanen skal vere retningsgjevande for all dokumenthandtering i Vanylven kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinjene. Arkivplanen skal sikre at Vanylven kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6: "Offentlege organ plikter å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Arkivplanen for Vanylven kommune er ein total plan for organiseringa av arkivtjenesta, samt ei oversikt for rutinane som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiva. Planen skal vere eit verktøy for å kvalitetssikre arkivfunksjonane i kommunen. Arkivplanen skal revideast når det skjer endringar i organisasjonen eller saksgang. For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den jemnleg oppdaterast og ajourførast.

Rådmannen har ansvaret
I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1), arkivleiar har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste.

Andreas Nørve

rådmann